Gresk
Sidan renessansen har studiet av gresk litteratur hatt ein sentral plass i vestleg kultur. Greskkunnskapar er viktige på ei rekke områder der grunnleggande tekstar er skrivne på gresk, samtidig som dei opnar for ei djupare forståing av ein annan kultur.
Gresk har i stor grad påverka andre språk i verda. Masterstudiet i gresk gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, til å analysere det og å uttrykke seg nøyaktig. Du vil bli kjend med ei verd som andre berre kan førestille seg.
- Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frå antikken?
- Kva betyr tekstar frå antikken for Norden sin litteratur i dag?
- På kva måte er klassisk talekunst framleis relevant?
Gammalgresk er relevant for jobbar i museum og andre antikvariske institusjonar, kyrkja, universitet, bibliotek og skuleverk. Gammalgresk språk og litteratur er òg relevant i ein veksande spel- og underhaldningsbransje.
Kommende startdatoer
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...